top of page

Vår historie

I mai 2025 er det 10 år sidan vi vart kjærestar. Det som begynte med litt flørting i fysikktimane på vidaregåande utvikla seg til eit vennskap og forhold sterkare enn vi nokon gong kunne forestilt oss. Sidan den gong har vi vore kvarandre sine største støttespelarar gjennom oppturar og nedturar. Vi har holdt sammen, men samtidig aldri vore redd for å følge eigne draumar. Støtten og tiliten vi i ein årrekke har vist kvarandre er i dag grunnmuren i forholdet.
 

10 år som kjæresta, 5 år som samboera, 1 år som forlova, og snart gift. Tida går fort i godt selskap, og vi gleda oss stort til å mimre tilbake på desse åra saman med kjente og kjære under bryllupet. Vi har mange gode minner å sjå tilbake på gjennom desse åra, men finast av alt er minnene vi har saman med dei vi er glade i. Vi oppfordrar derfor gjestane til å ta med ein handskreven lapp med dei beste minna du/dokke har saman med oss, eller ein av oss.  

bottom of page