Vi gifter oss!
Program
Når vi først inviterar til bryllupshelg i Nordfjord er det klart vi må nytte både dagane og omgivelsane til det fulle.
Vi sparka i gong det offisielle programmet med ein førfest på Breng i Lodalen fredag. Det er satt opp felles transport frå Visnes Hotel i Stryn og frå Joker Loen. Avreise kl. 17.15 / 18.00 og retur 22.00 /23.00. Dette håpar vi gjestane ønskjer å nytte. Det blir lett servering og vi ber gjestar ta med eiga drikke (BYOB). Dresskode: kvit og sommarleg pynta.
Laurdag er det vielse kl. 12 i Loen Kyrkje. Hit må gjestane ordne med transport sjølv, og vi ber om at ein møter opp i god tid. Brudeparet skal fotograferast i etterkant av vielsen. Gjestane kan då reise tilbake til Visnes Hotel eller anna. For middagsgjester møtes ein igjen for aperitiff og fellesfotografering i hagen på Visnes Hotel kl. 15.00. Bordsetting kl. 16.00. For gjestar som er invitert på bryllupsfest, er dokke hjerteleg velkomen til fest i Låven på Visnes Hotel frå kl. 19.00.
Fredag
Transport frå Visnes Hotel ​
Transport frå Loen
​
Velkommen​
​
Transport til Visnes Hotel​
​
Transport til Loen
​
17:15
​​
18.00
​
19:00
​
22:00
​
23.00
Laurdag
20:30
​
22:00
​
02:30
​​
Vielse i Loen Kyrkje​
Aperitiff & fotografering
​
Bryllupsmiddag
​
Bryllupsfest
​
Kaker
​
Dans
​
Baren stenger
12:00
​
15:00
​
16:00
​
19:00
Breng
Breng i Lodalen er ei seter som ligg ca. 15 minutt køyring fra Loen sentrum og 10 minutt køyring frå Sæten gard. Garden der Anders vaks opp. Det er her førfesten fredag 29.august skal haldast.
Anders sin familie eig fleire av dei gamle sela på setra og har gjennom generasjonar, saman med dei andre gardane på Sæten, vedlikeholdt bygningane her og hatt dyr på sommarbeite.
​
Dei siste åra har Jenny og Anders arrangert sommarfest i desse idylliske omgivelsane. "Whiteparty på breng" har blitt ein tradisjon og i år skal dokke alle få ein smakebit av denne herlige festen.
​
For å få mest mulig ut av omgivingane, tar vi i bruk brengseina som base. Det er også satt opp felles transport til og frå festen for å unngå for mykje bilar, og for at flest mulig skal kunne kose seg med noko godt i glasset denne kvelden. Skulle du likevel trenge bil, ber vi deg parkere på parkeringen og ikkje langs veien.
​

Loen kyrkje
Eit par minutt køyring frå Loen Sentrum, omgitt av epletre, skarpe fjell og djupe dalar, ligg Loen kyrkje. Kyrkja er ei åttekanta kyrkje frå år 1837 med rundt 190 sitteplassar.
Det er her vielsen laurdag 30. august vil finne stad. Vielsen begynne kl. 12, og vi ber om at gjestar møter opp i god tid.
​
Etter vielsen er det satt av tid til fotografering på kyrkjetrappa og litt mingling før gjestane sender brudeparet avgårde til vidare fotografering.

Visnes hotell
Visnes Hotel i Stryn er eit historisk hotell med fasade i klassisk sveitserstil. Hotellet er tildelt Olavsrosa, som er eit kvalitetssymbol for den norske kulturarven. og har ei historie som strekker seg tilbake til 1850.
​
Når dei i tillegg har fokus på lokale råvarer og har bygd om ein gammal låve til festlokale, var det ikkje tvil. Det var her vi måtte ha bryllupsmiddagen og festen.
Det er også her gjestar er oppfordra til å reservere rom ved behov for overnatting. Rom er haldt av for anledninga. Brudeparet vil sjølv bo på hotellet frå fredag - søndag.
